Gratulerer med dagen!

I 2013 holdt Sigmund Groven en tale på nasjonaldagen ved minnesmerket over de falne i Hesteskoen, Notodden. Her gjengis talen i sin helhet. 

This is Sigmund’s National Day speech in Notodden, Norway on May 17th, 2013. You can translate the speech by using the auto-translate function but as the speech was written in a dialect, some phrases and words will not translate correctly.

 

17 mai 2013, foto Jens Marius Hammer, telen.no

17. maiarrangør Jostein Forsberg og Sigmund Groven på Notodden i 2013. (Foto: Jens Marius Hammer, telen.no.)

Gu’dag godtfolk, og gratulerer med dagen!

I den hektiske tida me lever i, treng me å stoppe opp av og til, me treng å minnast, å sjå attende på fortida for å stå betre rusta til å møte framtida. Fridom, sjølvstende og demokrati er ikkje sjølvsagde verdiar me skal ta for gitt. Desse verdiane er under angrep frå mange kantar, me har sjølv opplevd sjokk og terror her i vårt fredelege land, og ute i verda kjempar undertrykte og fattige for fridom og rettferd til eikvar tid.

For 70 år sidan stod kampen her i vårt eige land. Det tynnest i rekkjene av dei som sjølv opplevde okkupasjonsåra.

Sjølv er eg fredsbarn, fødd i 1946, årgangen som i år når pensjonistalderen, eit av dei største fødselskulla her i landet gjennom tidene.

Far blei arrestert saman med mange andre her frå distriktet i den store razziaen 24. november 1943. Mor, og bror min som da var 10 år, gløymde aldri sjokket da tyskarar og norske nazistar kom på døra ein grytidleg seinhaustmorgon med sludd og slaps, og reiste med far. Ei tung tid, som dessverre er kvardag for altfor mange rundt i verda den dag i dag.

Far sat fengsla på Grini og seinare på Mysen, der fangane skulle byggje sin eigen dødsleir. Heldigvis blei det aldri noko av det, krigen tok slutt, far kom heim som ein av dei fyrste fangane hit til Notodden 8. mai 1945, den store jubeldagen med gledesscener som er vanskeleg å forestille seg for oss som ikkje har opplevd slikt.

Men gleda var blanda med sorg: Også her i Notodden og bygdene omkring var det mange som gav sitt liv i kampen for eit fritt Norge. Det er nok å nemne stikkord som Øst-Gvammen og Storebråta. Dei skal me minnast og takke i dag, på sjølve fridomsdagen, 17. mai. Ein takk og honnør gjeng og til dei som overlevde i Tysjågjengen og på Storebråta, og til pårørande, dei etterlatte familiane til dei falne.

Det er å håpe at me kan lære litt av historia, og at me kan skjønne litt av oss sjølv, og verden omkring oss.

I dag lever me i det som blir kalla “ein globalisert verden” – Ola Nordmann reiser meir enn nokon gong, og menneskje frå mange kantar av verda kjem hit til vårt land i håp om eit betre liv for seg og sine. Eg meiner det er viktig fyrst å kjenne sine eigne røter, før ein kan setje seg inn i korleis andre har det, og dermed få eit godt forhold til andre menneskje og andre nasjonar. A. O. Vinje var ein klok mann, og han sa: “Frå det lokale, gjennom det nasjonale til det universale”.

Den amerikanske musikeren Gordon Wright, som var ein god venn, gav meg eit råd eg alltid vil hugse: “Be from somewhere”, vit kven du er og kvar du kjem frå. Det å kjenne sine røter, å ha ein identitet, det gjev ein trygg ståstad i møte med andre menneske og andre kulturar i ei brytningstid.

I Peer Gynt skriv Ibsen om forskjellen på å vørå seg sjølv, og å vørå seg sjølv nok. Me nordmenn slit kanskje litt med sjølvbildet: Av og til har me ein tendens til å vørå litt vel sjølvgode på den eine sida, og samtidig er det ikkje heilt bra nok, det som er norsk. Me må gjerne fyrst ut i verden og gjørå det godt, for å bli anerkjende her heime. Ei sunn nasjonalkjensle og ein sunn sjølvtillit byggjer på eit realistisk bilde av kven me er, og kvaslags verdiar som betyr noko: Respekt for andre menneske, hjartelag, vilje til å hjelpe andre, enten det er dine nærmaste, eller dem som har det vanskeleg både her i landet, og ute i verden. Det er vel gjerne det politikarane kallar solidaritet, som rett og slett har med gode gamle verdiar som folkeskikk og medkjensle å gjørå.

“17. mai er vi så glad i, moro vi har frå morgen til kveld.” Ja, me har verkeleg noko å feire på denne dagen. Me feirar frihet frå undertrykking, frihet frå det hat og den brutalitet som ligg i nazismen og andre totalitære ideologiar. Me må stadig vere på vakt mot terror, ekstremisme og diktatur, og me må kjempe for demokrati og menneskeverd. Store ord, men ikkje tome ord: Dei har eit viktig innhald for dei som har opplevd krig, sult, tvang.

Det er viktig å stå for det ein meiner, det ein trur på, og ikkje snu kappa etter vinden for dermed kanskje å oppnå personlege, kortsiktige fordelar. Djupast sett var okkupasjonsåra 1940 til 45 ein åndskamp, ein kamp om verdiar, om menneskesyn.

Dei norske songane, fedrelandssongane, var viktige. “Ja vi elsker” var forbudt å syngje, og tyskarane sende til og med ut arrestordre på vår fine nasjonale diktar Per Sivle som hadde vori død i 40 år! Eg siterer gjerne Sivle:

“Vi vil oss et land som er frelst og fritt og ikke sin frihet må borge,
Vi vil oss et land som er mitt og ditt, og dette vårt land heter Norge.
Og har vi ikke det land ennu, så skal vi vinne det, jeg og du.”

Me burde pusse støvet av dei gamle gode songane som hører til kulturarven vår. Me burde syngje dei litt oftare, ikkje berre 17. mai. Erik Bye sa det slik:

“Tilbake til sangene vil jeg,
I dem fant jeg alter og sverd.
Og bare i dem fins det stier mot lys,
Mot visdom og varhet og verd.”

Neste år er det 200 årsjubileum for Grunnlova vår. I 1814 blei det slutt på den mange hundre år lange unionen med Danmark. I Notoddens jubileumsår feirar me og 100-årsjubileet for kvinneleg stemmerett, og eit anna jubileum som det ikkje har vori så mykje snakk om: det er 200 år sidan språkforskaren og diktaren Ivar Aasen blei fødd, ein av dei store nasjonsbyggjarane på 1800-talet da landet vårt, etter mange hundre år som den veike parten i unionen med Danmark, utvikla ideár om sjølvstende, framleis i union med Sverige fram til 1905.

Eg siterer Ivar Aasen:

“Lat oss ikkje forfedrene gløyma,
under alt som me venda og snu:
for dei gav oss ein arv til å gøyma,
han er større enn mange vil tru.

Lat det merkast i meir enn i ordi,
At me halda den arven i stand,
At når fedrene sjå att på jordi,
Dei kan kjenna sitt folk og sitt land.”

Me minnes dei falne med takk og respekt.

Takk til dei som gav livet sitt for landet vårt, for fridomen vår.

GOD 17. MAI!

Sigmund Groven

 

Bookmark the permalink.

Comments are closed.

  • Share this / Del i sosiale medier